arvid@sifo.no

Søk:
SIFO > Om SIFO

Om SIFO

Dette er SIFO
SIFO er eit kompetansesenter til nytte for forbrukarane. Instituttet er eit statleg forvaltingsorgan med særskilde fullmakter underlagt Barne- og likestillingsdepartementet (BLD), og blir finansiert gjennom ei grunnløyving og prosjektinntekter.

Formål
Gjennom forsking og testverksemd skal SIFO leggje grunnlaget for å utgreie viktige forbrukarproblem og konsekvensar av offentlege tiltak og marknaden sitt tilbod. Forbruksforskinga skal nyttast som grunnlag for å nå forbrukarpolitiske mål, for ivaretaking av behova til forbrukarane og i kunnskapsproduksjon, som er viktig for innovasjon av nye varer og tenester.

Kompetanse
SIFO er det einaste forskingsinstituttet i Noreg som berre arbeider med forbruksforsking. Kvardagslivet til forbrukarane og hushalda står sentralt i arbeidet til SIFO. SIFO har kunnskapar om haldningane og åtferda til forbrukarane og dei sosiale samanhengane til forbruket, om varer og tenester forbrukarane nyttar seg av, om marknaden ulike marknader, samt kunnskapar om politikken som regulerer vilkåra for kjøp og bruk av varer og tenester. Den faglege verksemda er organisert i tre faggrupper:
• Forbrukarpolitikk og -økonomi
• Forbrukskultur
• Teknologi og miljø (under dette tilhøyrer Produkttesting)

Aktualitet
SIFO er eit nytta forskingsinstitutt, og kunnskapsproduksjonen blir vurdert i forhold til relevans og nytte. I den seinare tida har forbruksutgifter i tilknyting til levekår, forbruk og miljø, leverandørmakt og pris, mat og tillit, ungdom og kommersialisering og bruk av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi vore viktige forskingsområde som reflekterer dei pågåande samfunnsdebattane. Testaktivitetane til SIFO gir oss fortløpande kunnskapar om endringar i marknaden innanfor dei produktgruppene vi arbeider med.

Kvalitet
SIFO utfører alt fagarbeidet sitt i høve til forskings- og testfagleg aksepterte kvalitetskriterium og nyttar seg både av internkontroll, ekstern vurdering og akkredittering.

Brukarar
Forbrukarinstitusjonane og Barne- og likestillingsdepartementet er viktige brukarmiljø for SIFO Andre brukarar er forskings- og fagmiljø, både nasjonalt og internasjonalt, departement, nordiske forbrukarstyresmakter, samt ulike bransjar. Det blir arbeidd systematisk for å halde kontakten med desse miljøa, bl.a. gjennom utstrekt forskingssamarbeid, seminar og undervisning.

Nordisk og internasjonalt samarbeid
På nordisk plan tek vi del i fleire samarbeidsprosjekter, hovudsakleg i regi av Nordisk Ministerråd, bl.a. gjennom EK-Konsument (Embedsmannskomiteen for forbrukarsaker). På europeisk plan er SIFO involvert i, og har delvis prosjektleiinga av fleire samarbeidsprosjekter innanfor den europeiske unionen sine rammeprogram for forskings- og forbrukspolitikk. SIFO tek også aktivt del i europeisk og internasjonalt standardiseringsarbeid.

Informasjonsarbeidet til SIFO
SIFO er eit nytta forskingsinstitutt, og legg derfor stor vekt på formidling av eigne forskingsresultat til aktuelle brukargrupper som andre forskingsmiljø, styresmakter, produsentar og vidarebindeledd. Resultata blir presenterte i dei ulike rapportseriane til SIFO, i nasjonale og internasjonale tidsskrifter, og på instituttet sine internettsider. Ved formidling av forskingsresultat overfor publikum utgjer mediet den viktigaste kanalen. Instituttet prioriterer derfor ein offensiv medieinnsats.

Orgnisasjonskart 2011 PDF

Informasjon om fakturering PDF

SIFO (Org.nr: 971 036 885) Postboks 4682 Nydalen, 0405 Oslo - Sandakerveien 24 C, Bygg B
tlf: 22 04 35 00 - faks: 22 04 35 04 sifo@sifo.no - Informasjonssjef: Berit N. Fjeldheim